Bursdagsfeiring!

Store ting må feirast!

Bursdagsfest med mat og drikke i bursdagsrommet, og deretter leik og full fart rundt omkring i Loen Play. Hipp hipp hurra!

Alt skal vere klart når de kjem: Pynt, pådekking og mat. Og ikkje minst: Vi tek opprydningsjobben. Dersom nokon i gjengen har allergi eller andre ynskje gjev de beskjed om dette på førehand så vi er førebudde på det. De har tilgong på bursdagsrommet i to timar frå ankomst.

Dette er inkludert i Loen Play-bursdag:

  • Inngong i totalt 3 timar

  • Eige bursdagsrom i to timar

  • Bursdagsvert

  • Brus (3 dl) / saft / vatn

  • Pølse i brød (2 stk per barn) eller pizza (2 pizzastykker per barn. Alle må ha det same.

  • Ispinne på slutten av selskapet

  • Kaffe (vanleg) til 2 vaksne*

Pris: 210,- per barn.

Praktisk

Bursdagsbarnet får ein gratisbillett som er gyldig i eitt år

  • *2 vaksne har inkludert inngong under bursdagen. Vaksne som ynskjer å vere med i tillegg må betale 50,- p.p.

  • Først møtast vi i bursdagsrommet for mat og gåver

  • Fri leik i Loen Play etter bursdagsfeiringa

  • Ekstra mat er mogleg å bestille på førehand

  • Ekstra dessert kan bestillast. Velg mellom Isfjell, sjokoladekake og ostekake med jordbær (sjå skjema over). Du kan ha med eiga bursdagskake.

  • Prisane forutset minimum 8 born på festen.

  • Bursdag må vere ferdig innan kl 19:00.

  • Allergiar og diettar: Dersom nokre av borna har allergiar eller intoleransar kan de melde frå om dette ved bestilling. Pizzaen er gluten- og laktosefri.

  • Betaling: Loen Play tek kun betaling med kort same dag som bursdagsselskapet. Klippekort kan ikkje nyttast som betaling ved bursdagsfeiring

  • Endring i antall gjester må vi få beskjed om seinast dagen før.

For meir informasjon

Telefon +47 57 87 50 00 eller epost til jana@alexandra.no

Send førespurnad

Fyll ut skjemaet så kontaktar vi deg!