Leik og moro midt i Loen

Midt i aktivitetsbygda Loen, inst i fjorden mellom høge fjell måtte vi ha noko meir. Noko heilt spesielt for våre yngste gjestar: Eit lite univers med kjekke utfordringar for både kropp og hovud. Perfekt på grå dagar, og når dei vaksne har fått bestemme programmet litt for lenge.

Loen Play tilbyr aktivitetar for alle born! I første etasje finn du aktivitetshuset for dei frå 3-12 år, samt ei avdeling for dei aller yngste. I kjellaren er det aktivitetar for dei litt eldre borna.

Om Loen Play

Tryggleik og trivsel

Tryggleik er høgste prioritet hos Loen Play. Alle leikeinnretningar er sikra og godkjent og personalet har klare rutiner for tryggleiksarbeidet. For at alle skal ha et fint opphold hos oss, ber vi våre små og store gjestar følge eit sett med reglar.

Buande i Loen Apartments har 50% rabatt

Loen Play er samlokalisert med Loen Apartments, som tilbyr nye leilegheiter for inntil 4 og 6 personar. Her har du TV og gratis WiFi, og du kjem til ferdig oppreidd seng. Alle leilegheitene har kjøken, balkong og stor bod for oppbevaring av t.d. skiutstyr. Buande får 50% rabatt på inngongsbillettar i Loen Play.

Aktiv utandørs

Den vesle bygda med dei store opplevingane. Inst i fjordarmen, mellom høge majestetiske fjell, grøne bøar og kalde isbrear. Her kan du vere aktiv eller slappe av, eller begge deler. Det er heilt opp til deg. Loen er også eit ypperleg utgongspunkt for å utforske andre delar av regionen.